tirsdag 23. desember 2008

Jul Jul og UL UL

So var det endeleg jul!

Pepperkaker og andre kakesortar er laga og juletreet pynta. Grauten står og småputrar på konfyren. . . .

Men det er ikkje berre lisje-julafta, men også dagen då vi fekk helse på denne vesle krabaten,
som skal gjere sin entrè 1. juni 2009. Allt såg heilt normalt ut 2 armar 2 bein like mange fingrar som tær, hjerte, magesekk og urinblære... men kva det blir er det nok berre ultralyd mannen som veit.


tirsdag 2. desember 2008

Koma??

ja eg lurer litt, det er eit par månedar som har gått meg hus-forbi. Hugsar såvidt starten på september og så vips var det jammen desember! Det har vel si natrulege forklaring, med noko laber form, sengetid plutseleg skubba fram til kl 7, dobesøk minst 4 gongar om natta(gjerne fleire) og ei vaskemaskin som plutseleg og ganske uforskamma har begynt å krympe alle klè.


Så er det vel berre å krysse fingrane håpe på at det går slik det skal og vente i 170-eit-eller-annna-dagar for å finne ut kva farge band som skal brukast.

søndag 5. oktober 2008

Dør del 2

Det manglar sjølvsagt lister både inne og ute samt foringar(det gjer det og på alle dei andre vindauga vi har bytt i år so då er det i det minste gjennomført) :)





tirsdag 30. september 2008

snart ferdige med utearbeidet for i år




Ja vi har no litt måling igjen, det får vi spare til neste år:) eg er dritlei og det skal bli godt med ei pause. Neste sommar er det påan igjen. forhåpentlegvis får vi gjort litt av det som står halvferdig inne i vinter/vår.

tirsdag 9. september 2008

Litt før og litt etter











Tak og sånn

Etter ei langhelg i Bergen, kom eg heim til dette; taket er nesten ferdig og det som står att er kledning, nye vindauge og Akk, meir måling. Mens karane har bedreve bygging, har mamma måla utsida av rekverket. Bra jobba og tusen takk! eg er somkjendt LITT lei av å måle men men det er ikkje vits i å gje seg no, så det vert nok litt måling på meg utover i veka.

torsdag 28. august 2008

Datatrøbbel

Vi har visst heve oss på "Datatrøbbel" bølga. For nokre dagar sidan "mista" vi internett, eit eller anna rart skjedde for vi vi var dei einaste som ikkje fekk kople til(det trådlause nettverket virka men ingen internett..) Etter fleire dagar med spekulering og prøving leita eg fram recovery-cd'en! (sur var eg ja!). Og VIPS så virka internett igjen..
Heldigvis kjøpte vi for fleire mnd sidan ein ekstern harddisk så vi fekk redda bilete og musikk:)
MEN det er vel aldri so gale at det ikkje er godt for noko, vi har i allefall kvitta oss med allt rusket som samlar seg og gjer til at laptopen går treigare og treigare. Minuset er vel at ein må laste ned og installere allt på nytt, særleg ein del favoritt websider som ein ikkje hugsar adressa på... men det går vel seg til.

søndag 24. august 2008

handletur...

På laurdag bar det avstad til Førde, vi har vel ikkje vore dar sidan romjula då vi kjøpte sofa.
Det var eigentleg mest for "turistane" sin del og eg hadde ikkje planar om å kjøpe noko spesielt, berre eit par grøne plantar. Men på plantasjen har dei jo mykje rart:) og vips! hadde vi fått oss.

3 grøne plantar
1 kanne white spirits
1 sett målarkostar
1 sekk blomstergjord
1 stor blomsterpotte
4 stolar
1 bord












tirsdag 19. august 2008

Cotton

2 års bryllupsdag, det er visst bomull. Eg fekk desse flotte kjøkkenhandkleda(heilt frå england) av gjestane våre! Og tru det eller ei...det stod faktisk på ynskjelista mi, då dei fleste kjøkkenhandkleda våre har "snubla" bort i noko måling...hmm. Har den evige målings "susen" og teke dei 2 siste åra og? ikkje veit eg , men tida går i allefall fort!

Vindaugs pynt



I have made them all by myself:)

slave labor


Det var to som ytra eit par ord om å hjelpetil...dagen etter bar det rett ut å kjøpe 2 nye målekostar!

update!



Ja vi jobbar framleis med saken..men det går framover!


Her skal den nye utedøra stå! snart håpar eg.....

lørdag 9. august 2008

påan igjenn del 2


Verandabeslag ,glava, vindduk og lekter. Pluss litt plast så vi forhåentleg vis ikkje får regn ned i glavaen. Det ser nemleg ut til at vi får litt regn, sjølv om det ikkje står noko om det på yr.no. MEN dei melde og opplett i heile går, og det stemde i allefall ikkje(skuffa)!

onsdag 6. august 2008

på tide med oppdatering

work in progress, overbygg til den nye utedøra




I mellomtida får vi nøye oss med ein aldri så liten labyrint, nemleg 2 dører 0,5 m frå kvarandre som SJØLVSAGT går kvar sin veg!



og når karane(og bella(ho er nemleg veldig glad i spikarpistolar; dei fortenar no i allefall eit bjeff for kvar spikar!)) driv med mannfolk arbeid, fordriv eg tida med dette: måling måling måling



onsdag 30. juli 2008

bilder....av kjolen på ein heilt ukjend person...




Tja eg synest ikkje det er så moro å bli teke bilete av, so måtte photoshoppe litt:)






fredag 25. juli 2008

Phu....

jamment vart den ferdig og! no heng den klar til i morgon, ganske fornogd!

lørdag 19. juli 2008

Kompisar

Hæ, vi?, nei vi har ikkje gjort noko......

fredag 18. juli 2008

Store planar

utedøra skal flyttast slik at vi får eit skapleg vaskerom, ved å slå ihop det litsje badet og arealet mellom trappene våre. Deretter har vi delt "kammerset(les roteromm)" i to slik at vi får eit litt større og heilt nytt bad nede

so har vi teke vekk døra melom gangen og "kammerset" og gjort opningen større..ja med motorsag


Litt forvirrande å vere hund når dørene flyttar seg..... her skal den nye utedøra vere, i skrivande stund står den i kjellaren der den har stått i 2,5 år. Det er ikkje altid det går så fort som eg trur(det er vel heller skjeldan)

Framgong


Ja då var det vel på tide med ei lita oppdatering på sy-fronten, ein kan vel no kalle det eit halvfabrikat

Det neste på lista er glidelås, og so skal det vel seiast at eg er stor fan av heilfôring so det vert ein del vrangsying.



mandag 14. juli 2008

Mønsterkonstruksjon


Då treng ein:
saks
blyant
linjal(med vinkel)
tape
ein rull med matpapir
måleband
Fortrinnsvis eit grunnmønster ein kan gå utifrå
og ein god porsjon fantasi (til bruk når ein manglar kunnskap)
Raudt golvbelegg er ikkje eit must, men ein "tager vad man haver" det var forresten her brudekjolen tok form...
*ynskjer meg eit stort bord...*

Det er ikkje altid det går på første forsøk, men då må ein jo berre prøve att.

lørdag 12. juli 2008

Snart skal eg sy....

Då vi skal i 2 bryllaup i sommar, bestemte eg meg for at eg nok måtte til å sy.

Har eg begynt? -nei
Er det under 2 veker til det første bryllaupet? -ja!

Uansett, då vi var i england var eg inn på ein av favoritt butikkane mine, nemleg eit 4 etg. hus stappfullt av stoff frå golv til tak. mekka!! og kjøpte desse stoffa.



Som skal verte til dette....forhåpentlegvis....

Og ja, det er teikna på ein gul post-it lapp. og sikkert det næraste eg kjem ei arbeidsteikning. Neste steg er mønsterkonsturksjon, so får vi sjå kva det blir til. so måtte eg ta med eit bilete av den viktegaste reiskapen, den gode gamle symaskina mi:)





So var det påan igjenn



Litt bloggtørke ser eg....... litt grunna mangel på idear inbiller eg meg sjølv.
Uansett vi er igang igjenn med meir jobb, no er det den 4. og og siste sida av huset som står for tur. her vert det og litt forandringar men det kan vi kome tilbake til seinare.





I skrivande stund ser den andre(også påbegynte sida) slik ut, den har fått eit par strøk med måling og er nesten klar til listing.




søndag 29. juni 2008

Pakke

Igår var eg opp til mamma og henta 2 veker med post og blandt rekningar og reklame låg denne:

Ei forsinka bursdags gåve! tusen takk linda den er kjempesøt!

home sweet home!

Det er moro å vere på ferie -eit lite avbrekk frå det daglege, men det er jammen godt å få sove i si eiga seng! (etter 2 veker på diverse sengar og madrasser.)


då eg pakka ut fann eg dette, ei teikning som vi fekk av Molly. Det er det store monsteret i monsters inc, og det må jo henge på veggen!