onsdag 30. juli 2008

bilder....av kjolen på ein heilt ukjend person...




Tja eg synest ikkje det er så moro å bli teke bilete av, so måtte photoshoppe litt:)






fredag 25. juli 2008

Phu....

jamment vart den ferdig og! no heng den klar til i morgon, ganske fornogd!

lørdag 19. juli 2008

Kompisar

Hæ, vi?, nei vi har ikkje gjort noko......

fredag 18. juli 2008

Store planar

utedøra skal flyttast slik at vi får eit skapleg vaskerom, ved å slå ihop det litsje badet og arealet mellom trappene våre. Deretter har vi delt "kammerset(les roteromm)" i to slik at vi får eit litt større og heilt nytt bad nede

so har vi teke vekk døra melom gangen og "kammerset" og gjort opningen større..ja med motorsag


Litt forvirrande å vere hund når dørene flyttar seg..... her skal den nye utedøra vere, i skrivande stund står den i kjellaren der den har stått i 2,5 år. Det er ikkje altid det går så fort som eg trur(det er vel heller skjeldan)

Framgong


Ja då var det vel på tide med ei lita oppdatering på sy-fronten, ein kan vel no kalle det eit halvfabrikat

Det neste på lista er glidelås, og so skal det vel seiast at eg er stor fan av heilfôring so det vert ein del vrangsying.



mandag 14. juli 2008

Mønsterkonstruksjon


Då treng ein:
saks
blyant
linjal(med vinkel)
tape
ein rull med matpapir
måleband
Fortrinnsvis eit grunnmønster ein kan gå utifrå
og ein god porsjon fantasi (til bruk når ein manglar kunnskap)
Raudt golvbelegg er ikkje eit must, men ein "tager vad man haver" det var forresten her brudekjolen tok form...
*ynskjer meg eit stort bord...*

Det er ikkje altid det går på første forsøk, men då må ein jo berre prøve att.

lørdag 12. juli 2008

Snart skal eg sy....

Då vi skal i 2 bryllaup i sommar, bestemte eg meg for at eg nok måtte til å sy.

Har eg begynt? -nei
Er det under 2 veker til det første bryllaupet? -ja!

Uansett, då vi var i england var eg inn på ein av favoritt butikkane mine, nemleg eit 4 etg. hus stappfullt av stoff frå golv til tak. mekka!! og kjøpte desse stoffa.



Som skal verte til dette....forhåpentlegvis....

Og ja, det er teikna på ein gul post-it lapp. og sikkert det næraste eg kjem ei arbeidsteikning. Neste steg er mønsterkonsturksjon, so får vi sjå kva det blir til. so måtte eg ta med eit bilete av den viktegaste reiskapen, den gode gamle symaskina mi:)





So var det påan igjenn



Litt bloggtørke ser eg....... litt grunna mangel på idear inbiller eg meg sjølv.
Uansett vi er igang igjenn med meir jobb, no er det den 4. og og siste sida av huset som står for tur. her vert det og litt forandringar men det kan vi kome tilbake til seinare.





I skrivande stund ser den andre(også påbegynte sida) slik ut, den har fått eit par strøk med måling og er nesten klar til listing.