torsdag 28. august 2008

Datatrøbbel

Vi har visst heve oss på "Datatrøbbel" bølga. For nokre dagar sidan "mista" vi internett, eit eller anna rart skjedde for vi vi var dei einaste som ikkje fekk kople til(det trådlause nettverket virka men ingen internett..) Etter fleire dagar med spekulering og prøving leita eg fram recovery-cd'en! (sur var eg ja!). Og VIPS så virka internett igjen..
Heldigvis kjøpte vi for fleire mnd sidan ein ekstern harddisk så vi fekk redda bilete og musikk:)
MEN det er vel aldri so gale at det ikkje er godt for noko, vi har i allefall kvitta oss med allt rusket som samlar seg og gjer til at laptopen går treigare og treigare. Minuset er vel at ein må laste ned og installere allt på nytt, særleg ein del favoritt websider som ein ikkje hugsar adressa på... men det går vel seg til.

søndag 24. august 2008

handletur...

På laurdag bar det avstad til Førde, vi har vel ikkje vore dar sidan romjula då vi kjøpte sofa.
Det var eigentleg mest for "turistane" sin del og eg hadde ikkje planar om å kjøpe noko spesielt, berre eit par grøne plantar. Men på plantasjen har dei jo mykje rart:) og vips! hadde vi fått oss.

3 grøne plantar
1 kanne white spirits
1 sett målarkostar
1 sekk blomstergjord
1 stor blomsterpotte
4 stolar
1 bord












tirsdag 19. august 2008

Cotton

2 års bryllupsdag, det er visst bomull. Eg fekk desse flotte kjøkkenhandkleda(heilt frå england) av gjestane våre! Og tru det eller ei...det stod faktisk på ynskjelista mi, då dei fleste kjøkkenhandkleda våre har "snubla" bort i noko måling...hmm. Har den evige målings "susen" og teke dei 2 siste åra og? ikkje veit eg , men tida går i allefall fort!

Vindaugs pynt



I have made them all by myself:)

slave labor


Det var to som ytra eit par ord om å hjelpetil...dagen etter bar det rett ut å kjøpe 2 nye målekostar!

update!



Ja vi jobbar framleis med saken..men det går framover!


Her skal den nye utedøra stå! snart håpar eg.....

lørdag 9. august 2008

påan igjenn del 2


Verandabeslag ,glava, vindduk og lekter. Pluss litt plast så vi forhåentleg vis ikkje får regn ned i glavaen. Det ser nemleg ut til at vi får litt regn, sjølv om det ikkje står noko om det på yr.no. MEN dei melde og opplett i heile går, og det stemde i allefall ikkje(skuffa)!

onsdag 6. august 2008

på tide med oppdatering

work in progress, overbygg til den nye utedøra




I mellomtida får vi nøye oss med ein aldri så liten labyrint, nemleg 2 dører 0,5 m frå kvarandre som SJØLVSAGT går kvar sin veg!



og når karane(og bella(ho er nemleg veldig glad i spikarpistolar; dei fortenar no i allefall eit bjeff for kvar spikar!)) driv med mannfolk arbeid, fordriv eg tida med dette: måling måling måling