tirsdag 23. desember 2008

Jul Jul og UL UL

So var det endeleg jul!

Pepperkaker og andre kakesortar er laga og juletreet pynta. Grauten står og småputrar på konfyren. . . .

Men det er ikkje berre lisje-julafta, men også dagen då vi fekk helse på denne vesle krabaten,
som skal gjere sin entrè 1. juni 2009. Allt såg heilt normalt ut 2 armar 2 bein like mange fingrar som tær, hjerte, magesekk og urinblære... men kva det blir er det nok berre ultralyd mannen som veit.


tirsdag 2. desember 2008

Koma??

ja eg lurer litt, det er eit par månedar som har gått meg hus-forbi. Hugsar såvidt starten på september og så vips var det jammen desember! Det har vel si natrulege forklaring, med noko laber form, sengetid plutseleg skubba fram til kl 7, dobesøk minst 4 gongar om natta(gjerne fleire) og ei vaskemaskin som plutseleg og ganske uforskamma har begynt å krympe alle klè.


Så er det vel berre å krysse fingrane håpe på at det går slik det skal og vente i 170-eit-eller-annna-dagar for å finne ut kva farge band som skal brukast.