søndag 27. desember 2009

Julekalendar pakkar og julepakkar - pakka opp!

Med god hjelp av Oliver fekk Oscar pakka opp ein del pakkar på julafta, men måtte kaste inn handklede tidleg.. ikkje lett når ein er vande med å legge seg kl 19:30

pappaen syntes batteridrevne tog var veldig kjekt! Oscar brydde seg vel ikkje so mykje, då er det kjekkare med små plast ender frå julekalendaren; som forøvrig Bella har (eller tur at ho har) adoptert. Vi finn dei igjenn ute i gangen eller attmed stovedøra

onsdag 16. desember 2009

Når ein pepperkake bakar....


....skal  bake pepperkaker for fyrste gong, kan det vere greit å få hjelp av ein røynd pepperkake bakar!
Og tradisjonen tru hadde vi Per Asplin sin Plutti Plutti Pott på full guffe! dette har lenge vore tradisjon her på skinlo toppen, men eit år vi skulle bake pepperkaker(sikkert 3 år sidan) fann vi ikkje att kassetten, -ja den avlange greia med svart band inni som ein måtte snu for å høyre resten av historia-, så vi invisterte i cd -funka fint det og!

Imåra skal vi til Skei igjenn å bade (drikke litt klorvatn og plaske litt) ilag med ho Johanna, det blir kjekt!

fredag 4. desember 2009

Det drite vel eg i mamma!


Idag var det visst surpomp-dagen

tirsdag 1. desember 2009

adventskalendar og 6 mnds kontroll



I dag tidleg opna vi den første pakken i adventskalendaren som bestemora har laga til han, trur ikkje han skjønte stort av det men han var veldig fornøgd! som de ser det vart sokkar med anti skli denne gongen og det har ein alltid bruk for, kanhende ha greier å komme seg frammover snart.

Etterpå reiste vi med sneglefart ned på helsestasjonen, det var glatt på vegen og det var ikkje noko moro. Heldivis var det nokon famføre meg som kjørde seint og det passa meg fint :)
Han har vokse litt; 8270g og 69 cm haudet er 46,5cm og det er vel ganske stort? ellers var allt i orden, og dokten var fornøgd.

mandag 23. november 2009

Hm...skeptisk


2. veka med potet/gulrot mos og fortsatt like skeptisk! MEN han et opp det han får, ikkje fordi det er godt men fordi det er moro å ete.

OBS! rydding pågår

I fjord sette vi inn nye glas i bl.anna sy-kle-hobby rommet mitt,og no har vi ENDELEG fått på listene og hengt oppatt gardinene. So då lyt eg vel rydde litt...

...Men det kan vere vansklegare enn ein skulle tru, det går jo ikkje å KASTE noko! tenk om ein skulle få bruk for det seinare, ikkje det at eg er sikker på om ein kan nokon gong få bruk for gardiner 80 talet, eller knallrosa syntetisk stoff med stretch og for ikkje å snakke om alle dei halvferdige prosjekta som ligg i haugar rundtomkring. Eg lir nok av mange idear men lite handlekraft syndromet.
Vi får no sjå om der vert noko ryddigare utover i veka :)

Til slutt; Bella er blitt veldig interessert i Oscar og omvendt, ho kjem ofte med leiken sin og vil leke med han.
Lite anar ho om at det nok vert eit hardt liv når han får litt meir kontroll på ting. Enn så lenge greier han berre å åle seg bakover og litt sidelengs, men innsatsen er stor så det vert nok ikkje lenge til det går frammover og.


mandag 16. november 2009

"Vill i ånden"


Men først; vi har so smått starta med middag. Guten er 6mnd om 2 veker og då er det vel lov å begynne med litt smaksprøver på litt anna mat (han er og til tider absolutt ikkje interessert i pupp og et i alle fall ikkje om vi ha forvilla oss ut av heimen). Han er VELDIG glad i grauten han får om kvelden men middag - ÆSJ! vi har tidlegare prøvd med eit par tskjeier med potet; og det er jo så ekkelt at ein kan nesten spy av det... denne veka prøvar vi potet og gulrot mos, det er litt beitre men fortsatt er det ein del grining på nasa. Vi trenar og litt på vass-drikking sånn innimellom, det er vel nesten unødvendig å seie at vi måtte byte kle etter at dette bildet vart teke!

til slutt 2 bilder av ulik dato, men like vill i ånden :)


søndag 15. november 2009

I desse mørketider


....må ein ha stearinlys! i fjor bestemde eg meg for at når eg skulle vere heime, og ikkje jobbe heile advents-tida, så skulle eg lage lys sjølv. So eg har spart på alle lys stubbane, det skulle eigentleg mamma og gjere men det har ho ikkje gjort...fy.

I går hadde vi middagsbesøk og etter på var det nokon som hadde litt mykje energi so vi drog framm dette urgamle trikset TEIKNEFILM. Peppa gris var visst veldig populær! Ganske søtt bilde synest eg.

Til slutt; smilebilde av søtnosen, som har fått dei stivaste føtene i heile verda - no vil han berre stå oppreist heile dagen.

torsdag 5. november 2009

stikk stikk stikk


I dag var vi på helsestasjonen; dagen begynte dårleg ...


1.ukjend dame
2. Domme mamma sine kalde hender
3.veging og måling
4. eit stikk i kvart lår

men etter at han hadde sove seg gjennom fleire butikk besøk og heile vegen heim, so var det ikkje so gale lenger. Dei nye måla er 8000g og 67cm, med det kan vi konstantere at det er haudet som veks mest.

No er oliver på besøk og det er gøy! det blir nok den store helten og det vert ikkje lite travelt å henge i helane til ein som er 5 år eldre.

tirsdag 3. november 2009

Kor vert tida av??

Det er i dag 5 månedar sidan denne karen kom til verda; eg fattar ikkje kor tida vert av!


Skal vi tru faglitteraturen skal no det grunnleggand temperamentet begynne å bli synleg, då tippar eg at vi har fått ein sta liten nyskjerrigper med glimt i auget. Men det kan vi kome tilbake til seinare.
På torsdag må vi droppe baby bading til fordel for veging, måling og stikking, ikkje det beste byte kanhende men men.


Til slutt: det her er det siste nye trikset, skydiving (på godt norsk) trening!

onsdag 28. oktober 2009

Nytt interesse felt


Det er ei stund sidan han ( i badekaret) oppdaga at han hadde føter, grådig interessant; dei bevegar på seg og! No er det endå meir spennande då han kan TA på dei, det er gøy det! Ein annan morosam ting er Bella, i går låg han på golvet og Bella svinsa rundt (som ho brukar) og han heldt på å LE seg forderva! I måra skal vi på baby bading so får vi sjå kor moro han synest det er.

mandag 26. oktober 2009

På Øvrebø Smykkeverkstad


For ei stund sidan sleit lisje-sjefen av kjede på favoritt smykke mitt; det små "diamant" hjertet i biletet over. God nok grunn til fornying tengte eg! so vi tok oss ein tur opp til Anne Lise; og her er resultatet. Eg er i allefall strålande fornøgd!

onsdag 21. oktober 2009

På tur med pappa og bella


Å sitte framme på magen på pappa det er gøy det! Då får ein jo sjå på altmuleg langs vegen (bilar, sauer traktorar etc). Neste gong lyt vi ha på vottar og sko; det vart visst litt kaldt. Ellers var han veldig fornøgd  med livet, og fekk tilfredsstilt nyskjerrigheita for ei lita stund. Eg er eigentleg ikkje heilt sikker på om han skal sitte denne vegen i BabyBjørnen (det står det ingenting om) men går utifrå at det går bra ein gong i blandt.

mandag 19. oktober 2009

gang prosjektet


Det går vel ikkje akkurat fort og det står mykje att , MEN det kjem seg stadig.

tirsdag 13. oktober 2009

Frammover takk!


På laurdag tok vi oss ein tur til Førde, pappa hadde eit par ærend på biltema og Oscar fekk seg vognpose
(heilt ny voksi urban) den er komen i bruk allereide og er varm og god.
Dessutan må vi visefram sokka og hue som tante Linda har trylla fram. 

Ein skulle jo tru at å komme seg framover ikkje var noko problem med så mykje vrikking, lirking og sparking, men guten kjem seg ikkje av flekken (endå) like greit synest eg. Innsatsen er det derimot ikkje noko å seie på.

fredag 9. oktober 2009

Helsestasjon


Med sooool, berre vegar og splitter nye piggdekk tok vi oss ein tur nedom helsestasjonen for ein uoffesiell vekt og lengdekontroll. Det var berre skryt å få, sjølv om eg synest han har ete litt dårleg ein periode. Dei nye måla er 7670g og 67cm dvs han ligg litt over gjennomsnittet, men vekt-høgde folhaldet er perfekt akkurat som sist gong. At vi hadde begynt med litt graut var og heilt greit, sjølv om ein eigentleg bør vente til fylte 6mnd.

torsdag 8. oktober 2009

snø snø snø

I dag skulle vi eignetleg ein tur på hesestasjonen for veging og måling, men med dette veiret og dårlege sommardekk synest vi det var beitre å vere heime å fyre i omnen!



tirsdag 6. oktober 2009

Huer frå nederland



Her ein dag, hugsar ikkje kvaforein, fekk vi pakke i posten! heilt frå nederland. Pakken inneheldt

3 huer
1 hals
1 par snurresokkar
1 par vottar

Den eine hua var litt stor(vi får prøve den etter jul) men resten passa heilt perfekt! tusen takk strikke-tante-linda

mandag 5. oktober 2009

I'm out of here...


Om berre armane hadde vore litt sterkare....

søndag 4. oktober 2009

Graut dag nr 2

Guten er ikkje spessielt interresert i flaska, so i går prøvde vi for fyrste gong graut...med mindre hell.
I dag derimot gjekk det mykje beitre! ikkje store mengdene eg hadde laga til men han åt alt med stor iver, sjølv om deti begynnelsen var litt vanseleg å skjøne kva ein skulle gjere med det..





fredag 2. oktober 2009

tannebissar

Lisje-sjefen har no bestemt seg for å få tenner(nærare bestemt hjørne tennene), kanhende fordi pappsen heile tida seier at ein må ha tenner for å ete sjokolade hm... Uansett tennene kjem og det KLØR! Klør so ein blir nesten GAL og den ellers blide guten vert til eit vrælande lite monster. Motorikken eller er det vilja og interessa som ikkje heng heilt med i utviklinga; han er jalfall ikkje spesielt interessert i å halde på ting so det blir mest hendene som får køyrt seg. Det er vel heller ikkje heilt enkelt å få i seg mat med minst ein finger i munnen konstant.



søndag 27. september 2009

onsdag 23. september 2009

Stove2 ferdig!



Endeleg vart den ferdig! og ikkje berre det, vi kunne endeleg fordele møblane litt utover slik at det er mogeleg å faktisk vaske golvet inne i stove1. Eg vart hoppande glad og har no vaska og BONA golvet! Gleden er vel litt kortvarig då vi har hund(pluss regn), no er heile golvet fullt at hundespor.

mandag 21. september 2009

Hue i posten



Denne hua fekk vi i posten for ei stund sidan, då var den litt stor men no passar den heilt perfekt!
det er strikkesaken som har ordna med den, men ikkje med strikkepinnane denne gong. Den er bestilt frå Heilt spesiell  utruleg kva ho greier å få ut av symaskina si.

lørdag 19. september 2009

På rømmen igjenn


"eg skal jamment komme meg ut av denne stolen ja!"

Litt fleire bilde frå dåpen



Reinsdyr tøflene er så fine at han greier nesten ikkje ta augene frå dei:)


Med ein pappa frå Birmingham må ein soklart ha Aston Villa fotballdrakt!



På veg heim frå kyrkja; tante Monica knipsa og Oscar viser fram smilehola

fredag 18. september 2009

Dåp og besøk, vel overstått


Stolte foreldre


ut på tur aldri sur..eller berre litt sur...
Frå utviken til flølostøylen

torsdag 10. september 2009

Medan vi ventar på besøk

"Hoppetroll"

"Medfange" eller "tv-fange"
På søndag er det dåp, men FØR det kjem Grandpa og Nangela (les: svigerfar og Angela) nærare bestemt på fredag (og det var visst i måra det..hjelp tida går fort!). Det blir nok ei veke med mykje gøy og mykje oppmerksomhet.
I går kom den første skikkelege latteren, vi var desverre ikkje heilt forbredt og fekk ikkje filma eller teke bilete, men kattar er iallefall morsome dyr!