søndag 26. april 2009

5 veker til termin og eg er KLAR

Eigentleg har eg vore klar ganske lenge, og har fått i hus det mest nødvendige.

Stellebordet står på badet, klar til bruk...faktisk trur eg det har det begynt å støve ned.
Det står på hjul og det har badebalje som kan dragast ut, noko vi synest såg praktisk ut, men det vil vel fort vise seg om det verkleg er praktisk.


Bilsetet (ActaGraco Logico S med base; for spesielt interesserte) har vi prøve-festa i bilen

Denne senga vert nok ikkje brukt med det første då eg ikkje har planar om å tusle fram og tilbake over gangen heile natta.



Vogna(ei Emmaljunga duo edge -06 modell) står klar i gangen, vi kjøpte den brukt for 1500kr, kall meg kjip men eg hadde ingen planar om å bruke 6-8000kr på ei heilt ny vogn særleg når ein ikkje heilt veit kva ein har bruk for.
I morgon skal vi til jordmora og snakke om fødsel (uææ) eg synest det er best å la vere å tenke på det... eg berre håpar turn-rampe-trollet har vett til å snu seg i tide, for eg har ikkje planar om verken sete fødsel eller keisersnitt!