tirsdag 12. mai 2009

Tjukkebolle på heiltid.

Yr.no har nok fått dårleg oppdragelse, veit dei ikkje at det er styggt å lyge? Sit her på andre dagen å venta på fineveret dei hadde lova... og er faktisk pittelitt sur.

Om vi ser vekk i frå yr, så er vi andre heilt i rute. Alle pittesmå kle er vaska, tørka og lagt på plass.

Denne gensaren fekk vi av mamma og pappa då dei kom frå nederland.

"Gamlesenga" har vi sett inn på rommet vårt og vogga står fint i stova


Turn-rampe-trollet, har roa seg betraktleg, lagt seg fint til rette med hovudet ned og festa seg godt nede i bekkenet, noko som ikkje er spesielt behageleg men men.... flaks at det er mange busker å snike seg bak på vegen ned til Reed...

No skal eg (på oppfordring frå jordmord )ta meg ein liten spasertur. Normalt sett går eg ned på jobb om morgonen eller når eg, slik som i går, skulle ta bussen, men i dag skal eg verken ta buss eller på jobb så så får vi gå andre vegen. Rømling-bella trur eg får vere heime...