fredag 28. august 2009

Sjå ka besten har laga!


Eit leikestativ til å ha oppe med besten og bestemora. Ekstra moro var det med den gamle speledåsen som eg hadde då eg var lita, den har nok blitt litt "rusten i stemma" men det ser ikkje ut som om han bryr seg noko om.




onsdag 26. august 2009

lørdag 22. august 2009

Ein liten rømling

Han jobba hardt i ca ein halvtime med dette, medan vi åt middag. Trur han var ganske fornøgd med seg sjølv.



tirsdag 18. august 2009

11 veker


Eg hadde rigga meg til og skulle ta masse fine bilder, men før eg hadde komt igong greidde han å SPY utover alle teppa, so då vart det ein brå slutt på den photosession'en.

fredag 14. august 2009

Litt fleire Oscar bilder

"smiil so dobbelthaka syne"

"Ein liten sterk nyskjerrigper"


" Inn i munnen, inn i munnen allt skal inn i munnen"



Hekla duk i eigemekka mønster


FERDIG, vaska og stroken er den 40x117 cm. Mønsteret har eg stjelt av mamma som har ein liknande duk der det var blomar inne i rutene. Dei som er veldig nøye kan jo leike finn ein feil:)

torsdag 13. august 2009

10 veker

10 veker og stor gut, vi må nok snart pakke vekk str 62. Han har lagt seg i eiga seng mellom kl 21\22 og ikkje vakna før i 4 tida, i litt over ei veke no. Kanhende litt tidleg å skryte men men eg gjer det no like vel... ellers ventar vi på at Felulah skal "skvise" ut sin baby så vi får halde nåken som ikkje er nesten 7kg :)

mandag 10. august 2009

Litt om hus

Vi skal (sjølvsagt) ha litt panel i gangen og, men her må det brukast vanleg trepanel istaden for dei noko raskare platene vi brukte i stove 2. Det er grunna ei takhøgde på nesten 2,60, då vert plater på 2,40 litt knapt.



Stove 2 ser for tida slik ut, då vi ventar på eikelister til døra før vi kan ha i foringane og liste ferdig. Gjett om eg gler meg til det er heilt ferdig!

til slutt; sitteplassen under taket, har kan vi sitte om det regna eller snør. Skulle eigentleg ta bilete litt lenger i frå, men det sto so mykje rot der, det får vi ta ein annan gong.

onsdag 5. august 2009

9 veker

9 veker og stortsett ein fornøgd kar

tirsdag 4. august 2009

Prate litt med pappa


"nei no tulla du pappa!"