onsdag 28. oktober 2009

Nytt interesse felt


Det er ei stund sidan han ( i badekaret) oppdaga at han hadde føter, grådig interessant; dei bevegar på seg og! No er det endå meir spennande då han kan TA på dei, det er gøy det! Ein annan morosam ting er Bella, i går låg han på golvet og Bella svinsa rundt (som ho brukar) og han heldt på å LE seg forderva! I måra skal vi på baby bading so får vi sjå kor moro han synest det er.

mandag 26. oktober 2009

På Øvrebø Smykkeverkstad


For ei stund sidan sleit lisje-sjefen av kjede på favoritt smykke mitt; det små "diamant" hjertet i biletet over. God nok grunn til fornying tengte eg! so vi tok oss ein tur opp til Anne Lise; og her er resultatet. Eg er i allefall strålande fornøgd!

onsdag 21. oktober 2009

På tur med pappa og bella


Å sitte framme på magen på pappa det er gøy det! Då får ein jo sjå på altmuleg langs vegen (bilar, sauer traktorar etc). Neste gong lyt vi ha på vottar og sko; det vart visst litt kaldt. Ellers var han veldig fornøgd  med livet, og fekk tilfredsstilt nyskjerrigheita for ei lita stund. Eg er eigentleg ikkje heilt sikker på om han skal sitte denne vegen i BabyBjørnen (det står det ingenting om) men går utifrå at det går bra ein gong i blandt.

mandag 19. oktober 2009

gang prosjektet


Det går vel ikkje akkurat fort og det står mykje att , MEN det kjem seg stadig.

tirsdag 13. oktober 2009

Frammover takk!


På laurdag tok vi oss ein tur til Førde, pappa hadde eit par ærend på biltema og Oscar fekk seg vognpose
(heilt ny voksi urban) den er komen i bruk allereide og er varm og god.
Dessutan må vi visefram sokka og hue som tante Linda har trylla fram. 

Ein skulle jo tru at å komme seg framover ikkje var noko problem med så mykje vrikking, lirking og sparking, men guten kjem seg ikkje av flekken (endå) like greit synest eg. Innsatsen er det derimot ikkje noko å seie på.

fredag 9. oktober 2009

Helsestasjon


Med sooool, berre vegar og splitter nye piggdekk tok vi oss ein tur nedom helsestasjonen for ein uoffesiell vekt og lengdekontroll. Det var berre skryt å få, sjølv om eg synest han har ete litt dårleg ein periode. Dei nye måla er 7670g og 67cm dvs han ligg litt over gjennomsnittet, men vekt-høgde folhaldet er perfekt akkurat som sist gong. At vi hadde begynt med litt graut var og heilt greit, sjølv om ein eigentleg bør vente til fylte 6mnd.

torsdag 8. oktober 2009

snø snø snø

I dag skulle vi eignetleg ein tur på hesestasjonen for veging og måling, men med dette veiret og dårlege sommardekk synest vi det var beitre å vere heime å fyre i omnen!



tirsdag 6. oktober 2009

Huer frå nederland



Her ein dag, hugsar ikkje kvaforein, fekk vi pakke i posten! heilt frå nederland. Pakken inneheldt

3 huer
1 hals
1 par snurresokkar
1 par vottar

Den eine hua var litt stor(vi får prøve den etter jul) men resten passa heilt perfekt! tusen takk strikke-tante-linda

mandag 5. oktober 2009

I'm out of here...


Om berre armane hadde vore litt sterkare....

søndag 4. oktober 2009

Graut dag nr 2

Guten er ikkje spessielt interresert i flaska, so i går prøvde vi for fyrste gong graut...med mindre hell.
I dag derimot gjekk det mykje beitre! ikkje store mengdene eg hadde laga til men han åt alt med stor iver, sjølv om deti begynnelsen var litt vanseleg å skjøne kva ein skulle gjere med det..





fredag 2. oktober 2009

tannebissar

Lisje-sjefen har no bestemt seg for å få tenner(nærare bestemt hjørne tennene), kanhende fordi pappsen heile tida seier at ein må ha tenner for å ete sjokolade hm... Uansett tennene kjem og det KLØR! Klør so ein blir nesten GAL og den ellers blide guten vert til eit vrælande lite monster. Motorikken eller er det vilja og interessa som ikkje heng heilt med i utviklinga; han er jalfall ikkje spesielt interessert i å halde på ting so det blir mest hendene som får køyrt seg. Det er vel heller ikkje heilt enkelt å få i seg mat med minst ein finger i munnen konstant.