mandag 23. november 2009

Hm...skeptisk


2. veka med potet/gulrot mos og fortsatt like skeptisk! MEN han et opp det han får, ikkje fordi det er godt men fordi det er moro å ete.

OBS! rydding pågår

I fjord sette vi inn nye glas i bl.anna sy-kle-hobby rommet mitt,og no har vi ENDELEG fått på listene og hengt oppatt gardinene. So då lyt eg vel rydde litt...

...Men det kan vere vansklegare enn ein skulle tru, det går jo ikkje å KASTE noko! tenk om ein skulle få bruk for det seinare, ikkje det at eg er sikker på om ein kan nokon gong få bruk for gardiner 80 talet, eller knallrosa syntetisk stoff med stretch og for ikkje å snakke om alle dei halvferdige prosjekta som ligg i haugar rundtomkring. Eg lir nok av mange idear men lite handlekraft syndromet.
Vi får no sjå om der vert noko ryddigare utover i veka :)

Til slutt; Bella er blitt veldig interessert i Oscar og omvendt, ho kjem ofte med leiken sin og vil leke med han.
Lite anar ho om at det nok vert eit hardt liv når han får litt meir kontroll på ting. Enn så lenge greier han berre å åle seg bakover og litt sidelengs, men innsatsen er stor så det vert nok ikkje lenge til det går frammover og.


mandag 16. november 2009

"Vill i ånden"


Men først; vi har so smått starta med middag. Guten er 6mnd om 2 veker og då er det vel lov å begynne med litt smaksprøver på litt anna mat (han er og til tider absolutt ikkje interessert i pupp og et i alle fall ikkje om vi ha forvilla oss ut av heimen). Han er VELDIG glad i grauten han får om kvelden men middag - ÆSJ! vi har tidlegare prøvd med eit par tskjeier med potet; og det er jo så ekkelt at ein kan nesten spy av det... denne veka prøvar vi potet og gulrot mos, det er litt beitre men fortsatt er det ein del grining på nasa. Vi trenar og litt på vass-drikking sånn innimellom, det er vel nesten unødvendig å seie at vi måtte byte kle etter at dette bildet vart teke!

til slutt 2 bilder av ulik dato, men like vill i ånden :)


søndag 15. november 2009

I desse mørketider


....må ein ha stearinlys! i fjor bestemde eg meg for at når eg skulle vere heime, og ikkje jobbe heile advents-tida, så skulle eg lage lys sjølv. So eg har spart på alle lys stubbane, det skulle eigentleg mamma og gjere men det har ho ikkje gjort...fy.

I går hadde vi middagsbesøk og etter på var det nokon som hadde litt mykje energi so vi drog framm dette urgamle trikset TEIKNEFILM. Peppa gris var visst veldig populær! Ganske søtt bilde synest eg.

Til slutt; smilebilde av søtnosen, som har fått dei stivaste føtene i heile verda - no vil han berre stå oppreist heile dagen.

torsdag 5. november 2009

stikk stikk stikk


I dag var vi på helsestasjonen; dagen begynte dårleg ...


1.ukjend dame
2. Domme mamma sine kalde hender
3.veging og måling
4. eit stikk i kvart lår

men etter at han hadde sove seg gjennom fleire butikk besøk og heile vegen heim, so var det ikkje so gale lenger. Dei nye måla er 8000g og 67cm, med det kan vi konstantere at det er haudet som veks mest.

No er oliver på besøk og det er gøy! det blir nok den store helten og det vert ikkje lite travelt å henge i helane til ein som er 5 år eldre.

tirsdag 3. november 2009

Kor vert tida av??

Det er i dag 5 månedar sidan denne karen kom til verda; eg fattar ikkje kor tida vert av!


Skal vi tru faglitteraturen skal no det grunnleggand temperamentet begynne å bli synleg, då tippar eg at vi har fått ein sta liten nyskjerrigper med glimt i auget. Men det kan vi kome tilbake til seinare.
På torsdag må vi droppe baby bading til fordel for veging, måling og stikking, ikkje det beste byte kanhende men men.


Til slutt: det her er det siste nye trikset, skydiving (på godt norsk) trening!