søndag 17. oktober 2010

Ein liten hyttetur

 Forrige helg sleit vi oss oppover bakkane til hytta, og det var ikkje berre berre! trudde ikkje at eg var i sååå dårleg form og med Oscar på ryggen so vart det i overkant tungt. men opp kom vi og sjølv om Oscar hadde litt feber så trur eg han kosa seg. Vi tjuvlåte Monica sitt kamera so vi fekk dokumentere turen.

                                    
broooooom, jamment bra at vi fann nåken bilar oppe på fjellet og.

det var ikkje noko å seie på matlysta!

Ellers er det traktor som gjeld heile dagen lang, om vi ikkje leikar med traktorar so må vi lese bøker om dei eller sjå på traktorbilder på internet. Visste dåkke at det finnast ei side som heiter http://www.traktor.no/? I barnehagen går det kjempefint, han likar seg godt og alle barnehage tantene har latt seg lure av sjarm og søte smil. Dei skulle berre visst! Heime er han eit rampetroll i turbofart, og sit skjeldan i ro, han rotar i alle skåp, klatrar og kliv, dansar på bordet og prøvar seg på ein ridetur på Bella i ny og ne.

lørdag 14. august 2010

plask plask og anna griseri


På skinlotoppen går dagane rasande fort for tida, mandag er det tilvenning i barnehage og jobbstart.
(hjelp) 
Oscar elskar å vere ute og heng ved utedøra før vi har fått i oss frukosten, Han er blitt skikkeleg flink til å både gå og springe i ulent terreng. I det siste har han so smått begynnt å skjønne at ting har eit navn og kjem ofte bort med ting og tang og vil vete kva det er, og prøvar seg på å seie det sjølv.
"Stein" seier eg "Nein" seier Oscar og er svært fornøgd med seg sjølv. 
Han er og veldig fornøgd med seg sjølv når han har funne på rampestrekar, og det er ikkje skjeldan!

Her blir det nok ei ufrivilleg bloggpause, det siste året har vi nemleg lånt kamera av 2 av søstrene mine og no har begge flytta austover.
dess våtare dess beire! det synest jalefall Oscar, og er blid som ei sol når det pøsregnar.
denne veka har vi greve i hagen, og det er sjølvsagt supert for ein liten 14 mdr gammal grisunge.
Eg fann ein makk! Den måtte konfiskerast då den nok hadde havna inni munnen. Vi har tidlagare knepe han med både biller og fluger i munnen
Å ete sjølv er kjempegøy! det synest Oscar, mamma derimot synest ikkje det er så gøy...

tirsdag 22. juni 2010

broom brooom

her går det i traktor traktor traktor heile dagen lang! Eg synest det er nesten litt komisk at ein kan ha "interesser" når ein berre er eit år. Han blir heilt øsen når han leser i traktor boka si og når han ikkje seier mamma, pappa eller voff voff, ja då seier han broom broom.
den daglege traktorturen
"hei, mamma eg stikke bort og ser på dissa....
...traktorane her borte"
i går fekk han seg traktor med besten og bestemora, stor stas! OG den er fortsatt like heil.


søt er han no om eg må seie det sjølv. No lyt eg stikke, vi skal vist ut...

tirsdag 8. juni 2010

Og vips so var eit heilt år gått!

Her blir det masse bilder og lite tekst, men bildene talar vel for seg sjølv; ja det er eit lite travelt rampetroll
det er nemleg mykje ramping som skal gjerast iløpet av ein dag!
når ein feirar bursdag må ein jo drikke brus!
litt forveten her, det kom plutseleg mange folk

Pønske  pønske... ka skal eg finne på no...?
fortida er vi mykje ute i sandkassa, steinar er jo som drops!


Ædda bedda Bella eg har teke senga di!

Det skulle nok ha vore eit bildete av traktor og, det er nemleg det aller kjekkaste som finns; ja det og plage bella då sjølvsagt

torsdag 29. april 2010

Rot meg her og rot meg der!

her skal det jamment rotast i det meste! inntil for eit par veker sidan brukte han mesteparten av tida  på å sutre og å vere ein skikkeleg SINNATAGG. No derimot er han ganske so fornøgd, og er inni, under og overallt! Det er igrunn berre å følgje stien av rot, so finn du han halvegs inni eit skåp oppslukt av noko fint han har funne. Han har nok observert og lært av sine engelske søskenbarn; 4 trollungar i alderen 8-2 år.
og til slutt: ein skal tidleg krøkast som god ikea-møbel-byggar skal bli!

torsdag 1. april 2010

Full rulle på verrandaen!

Det er kjekt med 16 meter rett fram istadenfor at vogna stoppar heile tida det gjer den nemleg inne der står det jo altmuleg i vegen: bella, veggar, dører, sofa osv, og då  vert guten illsint. Det er litt av ein fart han har og! I dag tidleg sette eg guten og vogna ut på verrandaen, so sa eg til mannen at han måtte hjelpe han medan eg henta kameraet, det var heilt udødvendig, Oscar var i full sving før pappaen hadde kome seg ut døra.

søndag 28. mars 2010

Bella klatrestativ

Det er ikkje så nøye med kva ein klatrar på berre ein får klatre!

søndag 7. mars 2010

Ein to tre på det fjerde skal det skje!

Jippi eg fekk tak i den grøne skeia!

torsdag 25. februar 2010

idag er eg ikkje heilt fornøgd..

..med livet, sjølv etter 12 timars nattesømn. Ikkje fekk eg sett pappaen som jobba heile dagen og heile kvelden i går. Det er heller ikkje råd å snike i seg noko hundemat, bork eller anna rusk, og eg får berre kjeft når eg kostar Bella og jaktar på do-kosten medan mamma pussar tennene! det einaste eg har vore litt fornøgd med var at eg fekk ete sjevene mine sjølv, medan Bella låg under bordet og venta på at eg skulle miste ned nåke (det var nok ikkje mykje ho fekk nei!).

lørdag 20. februar 2010

Når eg slappar av...

.....likar eg å krysse føtene!

fredag 12. februar 2010

8 månedar - helsestasjon og oppsummering

I går var vi på helsestasjonen for å vege, måle, vise kunstar og det vart teke ein liten hørselstest. Han var sjølvsagt LITT skeptisk men det gjekk over. Dei nye måla er: 9300g og 73,5 cm og hovudet måler 48cm.
I dei siste vekene (sidan han er blitt meir mobil) har leikan hans blitt mindre og mindre interessante, faktisk er dei rett KJEDELEGE.
Han fer heller over golvet med stø kurs mot anten ledningar, kosten eller Bella. Dørstokkarr er heller inga hindring, og når stovedøra er opa er det rett i hundematen!
Ellers har vi dreve med nattavvenning denne veka, og det er det pappaen som må ta seg av. Det betyr at eg har sove 6-7 timar i strekk 2 netter på rad!! ifølge rapporten har det stort sett gått bra og i natt har han berre våkna 1 gong (i 3-tida) og deretter 05:20 som er rekord, då er eg inn og tek over so pappaen kan gå på jobb. Det tek ein time å få han til å sove igjenn og då søv vi til 08:00.
Det siste på oppsummeringslista er at for 1 mnd sidan kom den første tanna og tidlegare i veka kom den andre, ufattleg seige greier!

tirsdag 2. februar 2010

Her skal det jamment vaskast!

Oscar synest nok at eg vaskar for skjeldan, og han er vel inne på noko....det var jalfall veldig kjekt å styre med moppen! Noko anna som er grådig moro er hundeleiken til Bella; det er utan tvil den kjekkaste leiken vi har i hus. Den ålar han seg gjerne fleire meter for å få tak i, og ofte er han bort og riv den ut av kjeften til Bella.
Neste veke skal vi på helsestasjonen på 8mnd kontroll so vi får ta ei lita oppsummering då.
Til slutt; ein liten gris - sånn går det når ein aldri greier å halde seg i ro når ein et\blir mata

onsdag 27. januar 2010

Jippi eit papir!!!


Først må ein leike med papiret i 5 min og so kan vi leike med ballen som var inni.


Og so lyt vi rapportere om at etter fleire dagar med intens lokking, strategisk plasserte favoritt leikar mykje sutring og desperat "mamammammammam" roping går det endeleg frammover og! Ikkje akkurat i rasarfart men men,  det resulterar i ein blidare gut og so får eg faktisk gjort litt (ja litt anna enn å bære på eller gå med ein sutrete grinete Oscar).

mandag 25. januar 2010

Best Buddies!


Oscar er iallefall "bestis" med Bella, men eg er ikkje heilt sikker på om det er gjensidig....
Kjekkast er det å leike med føtene hennar, stikke hendene inni munnen hennar og sleike på ho.
Dessutan er det hysterisk morosamt å sjå på Bella når ho et og han ler høgt når ho pip.


Og so må vi vise at han er begynt å få krøllar!

tirsdag 19. januar 2010

Nåken som har misforstått.....


Eg trudde ein skulle hoppe opp og ned.....

lørdag 16. januar 2010

Sjeve=nesten godt


Etter fleire morningar med "smular" har vi gått over til micro-betar med leverpostei. I dag fekk eg i han 4 betar utan sutring, frysningar, brekningar og beskuldande blikk, det var jo NESTEN godt jo!