onsdag 27. januar 2010

Jippi eit papir!!!


Først må ein leike med papiret i 5 min og so kan vi leike med ballen som var inni.


Og so lyt vi rapportere om at etter fleire dagar med intens lokking, strategisk plasserte favoritt leikar mykje sutring og desperat "mamammammammam" roping går det endeleg frammover og! Ikkje akkurat i rasarfart men men,  det resulterar i ein blidare gut og so får eg faktisk gjort litt (ja litt anna enn å bære på eller gå med ein sutrete grinete Oscar).

mandag 25. januar 2010

Best Buddies!


Oscar er iallefall "bestis" med Bella, men eg er ikkje heilt sikker på om det er gjensidig....
Kjekkast er det å leike med føtene hennar, stikke hendene inni munnen hennar og sleike på ho.
Dessutan er det hysterisk morosamt å sjå på Bella når ho et og han ler høgt når ho pip.


Og so må vi vise at han er begynt å få krøllar!

tirsdag 19. januar 2010

Nåken som har misforstått.....

video
Eg trudde ein skulle hoppe opp og ned.....

lørdag 16. januar 2010

Sjeve=nesten godt


Etter fleire morningar med "smular" har vi gått over til micro-betar med leverpostei. I dag fekk eg i han 4 betar utan sutring, frysningar, brekningar og beskuldande blikk, det var jo NESTEN godt jo!

torsdag 14. januar 2010

Vass drikking...


...går best med mamma si imsdal flaske. Flaska har vore poppulær og umåtleg interessant ei god stund no (på lik linje med fjernkontrollen) og no greier han å drikke av den heilt sjøl.. vurderar å sette meg til å drikke av koppen hans, kanhende han skjønar vitsen med den då?

Etter eit par dagar med sviktande helse ser det iallefall ut til at Oscar har kome over det verste, eg derimot slit nok litt endå. So eg håpar på ei roleg natt!

onsdag 6. januar 2010

Kald start på året

Her som mange andre stadar har vi hatt ein kald start på året. Og når gradestokken kryp ned under-12, so er det best å halde seg inne! Som regel søv Oscar ute i vogna, det er den kjappaste og enklaste måten å få han til å sove på + at vi får litt frisk luft begge to, eller 3 heiter det vel Bella må jo og få vere med.
So er vi vel litt heldige og då som eigentleg ikkje MÅ ut.

Vi har etterkvart funne ein middelveg med gåinga. Han får ta seg ei runde rundt stova i ny og ne, og er stort sett fornøgd med det.



I måra har eg og Hege planlagt bading på skei, om temperaturen held seg over -15 grader ute. Det blir kjekt for både store og små å få plaske og sprelle litt i eit stort basseng. Vi må nemleg kjøpe ein større bade stamp!

lørdag 2. januar 2010

Gløym krypinga, no vil eg berre gå gå gå!

I det siste har det gått mykje i gåing her i huset. Ligging og sitting som var heilt ok i forrige veke er altfor kjedeleg no(med mindre han er litt trøtt).Han protesterar høglytt når han vert lagt på magen.
So etter ei veke med krokbøgd rygg og med tanke på at mandag er det "back to work" for pappaen, var vi på sandane og kjøpte gå-vogn. Han har sjølvsagt ikkje begrep om ballanse og konsekvensar og hugsar ikkje alltid at han faktisk ikkje kan gå......so det kan nok bli litt skrik og skrål.


Ilag med julepakkane frå england fekk han ei ny strikkajakke, den er strikka av ei engelsk dame på over 80 år! og passa perfekt!

Til slutt måtte eg ha med eit bilete av gutta boys i finstasen.