torsdag 25. februar 2010

idag er eg ikkje heilt fornøgd..

..med livet, sjølv etter 12 timars nattesømn. Ikkje fekk eg sett pappaen som jobba heile dagen og heile kvelden i går. Det er heller ikkje råd å snike i seg noko hundemat, bork eller anna rusk, og eg får berre kjeft når eg kostar Bella og jaktar på do-kosten medan mamma pussar tennene! det einaste eg har vore litt fornøgd med var at eg fekk ete sjevene mine sjølv, medan Bella låg under bordet og venta på at eg skulle miste ned nåke (det var nok ikkje mykje ho fekk nei!).

lørdag 20. februar 2010

Når eg slappar av...

.....likar eg å krysse føtene!

fredag 12. februar 2010

8 månedar - helsestasjon og oppsummering

I går var vi på helsestasjonen for å vege, måle, vise kunstar og det vart teke ein liten hørselstest. Han var sjølvsagt LITT skeptisk men det gjekk over. Dei nye måla er: 9300g og 73,5 cm og hovudet måler 48cm.
I dei siste vekene (sidan han er blitt meir mobil) har leikan hans blitt mindre og mindre interessante, faktisk er dei rett KJEDELEGE.
Han fer heller over golvet med stø kurs mot anten ledningar, kosten eller Bella. Dørstokkarr er heller inga hindring, og når stovedøra er opa er det rett i hundematen!
Ellers har vi dreve med nattavvenning denne veka, og det er det pappaen som må ta seg av. Det betyr at eg har sove 6-7 timar i strekk 2 netter på rad!! ifølge rapporten har det stort sett gått bra og i natt har han berre våkna 1 gong (i 3-tida) og deretter 05:20 som er rekord, då er eg inn og tek over so pappaen kan gå på jobb. Det tek ein time å få han til å sove igjenn og då søv vi til 08:00.
Det siste på oppsummeringslista er at for 1 mnd sidan kom den første tanna og tidlegare i veka kom den andre, ufattleg seige greier!

tirsdag 2. februar 2010

Her skal det jamment vaskast!

Oscar synest nok at eg vaskar for skjeldan, og han er vel inne på noko....det var jalfall veldig kjekt å styre med moppen! Noko anna som er grådig moro er hundeleiken til Bella; det er utan tvil den kjekkaste leiken vi har i hus. Den ålar han seg gjerne fleire meter for å få tak i, og ofte er han bort og riv den ut av kjeften til Bella.
Neste veke skal vi på helsestasjonen på 8mnd kontroll so vi får ta ei lita oppsummering då.
Til slutt; ein liten gris - sånn går det når ein aldri greier å halde seg i ro når ein et\blir mata