torsdag 29. april 2010

Rot meg her og rot meg der!

her skal det jamment rotast i det meste! inntil for eit par veker sidan brukte han mesteparten av tida  på å sutre og å vere ein skikkeleg SINNATAGG. No derimot er han ganske so fornøgd, og er inni, under og overallt! Det er igrunn berre å følgje stien av rot, so finn du han halvegs inni eit skåp oppslukt av noko fint han har funne. Han har nok observert og lært av sine engelske søskenbarn; 4 trollungar i alderen 8-2 år.
og til slutt: ein skal tidleg krøkast som god ikea-møbel-byggar skal bli!

torsdag 1. april 2010

Full rulle på verrandaen!

Det er kjekt med 16 meter rett fram istadenfor at vogna stoppar heile tida det gjer den nemleg inne der står det jo altmuleg i vegen: bella, veggar, dører, sofa osv, og då  vert guten illsint. Det er litt av ein fart han har og! I dag tidleg sette eg guten og vogna ut på verrandaen, so sa eg til mannen at han måtte hjelpe han medan eg henta kameraet, det var heilt udødvendig, Oscar var i full sving før pappaen hadde kome seg ut døra.