lørdag 14. august 2010

plask plask og anna griseri


På skinlotoppen går dagane rasande fort for tida, mandag er det tilvenning i barnehage og jobbstart.
(hjelp) 
Oscar elskar å vere ute og heng ved utedøra før vi har fått i oss frukosten, Han er blitt skikkeleg flink til å både gå og springe i ulent terreng. I det siste har han so smått begynnt å skjønne at ting har eit navn og kjem ofte bort med ting og tang og vil vete kva det er, og prøvar seg på å seie det sjølv.
"Stein" seier eg "Nein" seier Oscar og er svært fornøgd med seg sjølv. 
Han er og veldig fornøgd med seg sjølv når han har funne på rampestrekar, og det er ikkje skjeldan!

Her blir det nok ei ufrivilleg bloggpause, det siste året har vi nemleg lånt kamera av 2 av søstrene mine og no har begge flytta austover.
dess våtare dess beire! det synest jalefall Oscar, og er blid som ei sol når det pøsregnar.
denne veka har vi greve i hagen, og det er sjølvsagt supert for ein liten 14 mdr gammal grisunge.
Eg fann ein makk! Den måtte konfiskerast då den nok hadde havna inni munnen. Vi har tidlagare knepe han med både biller og fluger i munnen
Å ete sjølv er kjempegøy! det synest Oscar, mamma derimot synest ikkje det er så gøy...