søndag 17. oktober 2010

Ein liten hyttetur

 Forrige helg sleit vi oss oppover bakkane til hytta, og det var ikkje berre berre! trudde ikkje at eg var i sååå dårleg form og med Oscar på ryggen so vart det i overkant tungt. men opp kom vi og sjølv om Oscar hadde litt feber så trur eg han kosa seg. Vi tjuvlåte Monica sitt kamera so vi fekk dokumentere turen.

                                    
broooooom, jamment bra at vi fann nåken bilar oppe på fjellet og.

det var ikkje noko å seie på matlysta!

Ellers er det traktor som gjeld heile dagen lang, om vi ikkje leikar med traktorar so må vi lese bøker om dei eller sjå på traktorbilder på internet. Visste dåkke at det finnast ei side som heiter http://www.traktor.no/? I barnehagen går det kjempefint, han likar seg godt og alle barnehage tantene har latt seg lure av sjarm og søte smil. Dei skulle berre visst! Heime er han eit rampetroll i turbofart, og sit skjeldan i ro, han rotar i alle skåp, klatrar og kliv, dansar på bordet og prøvar seg på ein ridetur på Bella i ny og ne.