tirsdag 28. juni 2011

Familievisitt på helsestasjonen

I dag har vi vore på helsestasjonen. Oscar skulle på 2 års sjekk, og so fekk Hannah si første offesielle veging. Plutseleg dukka pappaen opp og, so då var heile familien samla.
Oscar var svært skeptisk og tok til tårene fleire gongar, men dei fekk til slutt gjort det dei skulle. Og vi kan konstantere at han er ein stor frisk gut på 12,6kg og 90cm.
Hannah tok det heile med stor ro, ho har vel ikkje vett til noko anna. Næringsvett derimot har ho plenty av
og har lagt på seg over 1kg på 3 veker!

 Pappaen fekk lokka Oscar opp på fanget så vi fekk eit bilde av begge to, han skal nemleg ikkje holde eller bli teken bilde av med søstra si, men klappe og kysse på ho det går greit. 



Det kjekkaste med småsøstre er nok at dei blir eit passeleg lass på hengaren...

torsdag 16. juni 2011

Fødsel og 2-års dag i feil rekkefølgje

Ja eg hadde tengt å få blogga om Oscar sin 2 års dag før eg reiste til Eid, men det vart det ikkje tid eller krefter til. Oscar vart feira litt på fredagen etter barnehagen, og så med tanter, onkel, besteforeldre og søskenbarn på søndag. Mandag og tirsdag låg vi langflate med tett nase og ildt i haudet(noko som skulle vise seg å vere ganske så langvarig, då vi fortsatt er like tette i nasen). 
 Uansett, eg er veldig fornøgd med at vi greidde å feire bursdag før lisje-søstra melde sin ankomst, det trur eg Oscar og var.

 Han vart jalfall ein racer til å blåse ut lys! Han fryda seg stort og ropte "ein gong til!"

 Og for dåkke som tur at geletoppar skal vere til kakepynt; det er det nemleg ikkje! Vi hadde ein lang tårevåt debatt om kva desse geletoppane skulle brukast til. Til slutt fann vi ut at Oscar fekk ete medan mamma pynta kaka, då var det om å gjere å vere rask! Eg kan vel legge til at klokka er sånn ca 9 om morgonen, og at det definnitivt vart litt show i heimen når sukkeret begynte å virke.
 Som seg hør og bør for store gutar, har Oscar fått seg stor seng! han synest det var kjempegreier! hoppa og spratt og jubla, men når kvelden kom var han nok litt skeptisk. Det tok ikkje lenge før han syntest det var heilt greitt og no er det nesten vanskeleg å halde han vekke.
til slutt, alle traktor nerdar må vel ha traktorkake!

søndag 12. juni 2011

Hannah

08.06.20011
3425g og 48 cm