fredag 19. august 2011

2 mnd, dåp og englandsbesøk - vel overstått

Tenk at det har gått 2 mnd allereie! tida går fort og med mykje besøk har det gått ekstra fort.
                Først kom der nederlendarar til gards, så kom det engelskmenn, så var det dåp med 25 gjestar.
Men no er alle reiste og pappaen har siste dagen av ferien i dag, Oscar er tilbake i barnehagen etter 1,5 veke ekstra sommarferie.
Dåpen gjekk fint, vi troppa opp i Gimmestad kyrkja (då det ikkje var gudsteneste i Breim på ønska tidspunkt) etter at vi fekk fortalt presten at det var dåp -ja. og ikkje berre ein heller...tredde vi dåpskjolen over hovudet til jenta -under dåpssalmen- og sprang ut i midtgangen. Heldigvis var det 2 dåpsbarn så vi slapp å sjå dumme ut åleine.

 Etter litt avslapping eit par dagar tok vi med oss engelskmennene til briksdalsbreen.
Det er visst ikkje kvardagskost med barnevogn der oppe, for vi fekk ein del rare blikk...
men eg kan melde at det ikkje er noko problem å komme heilt opp med barevogn, berre veldig god trimm

Det er ei smilande og pratsaleg lita snelle, men eg har fortsatt ikkje greidd å få eit fint smilebilde festa på film(les minnebrikke) det er som de ser heilt umuleg.  


onsdag 3. august 2011

Helsestajonbesøk og ferieslutt

Og vips var ferien over, ikkje det at Oscar surmula av den grunn. Han var ganske klar for å begynne i barnehagen att. I ferien har det vorte mykje av dette:
so hadde vi oss ein tur til vesterland, og det var gøy!

I går var vi på helsestasjonen og vegde og målte minstejenta. 5790g og 57cm var resultatet.