torsdag 15. september 2011

Vaksine runde1

Vaksine er ikkje det kjekkaste ein kan finne på, men det gjekk heilt greit!
Når vi var på helsestasjonen vart det og måling og veging, jenta er blitt stor:
62cm og 6730g.

Ellers ser de jo at tunga den MÅ vere ute heile tida! Og med det fanteblikket so er eg redd det blir trøbbel her når ho veks til.

torsdag 8. september 2011

3 mnd, hyttetur og heimetysdag

Det blir visst med kjappe oppsummeringar ein gong i månaden her, det er berre å konkludere med at tida går totalt ifrå meg.
sidan sist er Hannah blitt mykje flinkare å halde haudet, men ligge på magen og sjå seg rundt - nei det gidd vi ikkje. Ho vil heldst sitte rett opp og ned, og sjå - spesielt på Oscar. Ho elskar storebroren sin!
Og jamment trur eg at Oscar er glad i lillesøstra si og! Han er ganske so omtenksom, hentar leikar og syng lille måltrost i bilen til ho når ho klagar.
 Sist søndag tok vi oss ein spontan tur på hytta og øydela helgafredagen til besten og bestemora. Oscar som den arbeidskaren han er, måtte hjelpe besten å ta ned "grill-teltet"sitt. Vegen opp var vel stabasiøs for 2-åringar men med litt hjelp frå mamma so kom han seg opp. Hannah på magen til pappaen og Oscar på skuldrane mine. Oscar kommanderte heile tida; mamma gå ned i det holet! mamma trakk på den bæsjen!

  På tysdagane er Oscar heime og då gjeld det å finne på noko so han ikkje kjedar seg. Då blir det nemleg mykje ramp. Vi var ute og klipte ned nåken stikkebusker "eg og du mamma" "eg og du". So laga vi pannekaker, Oscar måtte både røre og tømme; litt grising må ein rekne med. Hannah er heldigvis ei roleg sjel og nøyar seg med soving, eting og litt kosing.