torsdag 27. oktober 2011

Rolege dagar i heimen

Her skjer det ikkje so mykje for tida. Vi har hatt rolege dagar  heime i fineveiret, so rolege at eg har sett på bilder frå då Oscar var på same alder som Hannah er no. Dei er nok søsken ja!

I skrivande stund står vaskemaskina vår i gangen utan straumtilførsel, vatn og avløp so det blir mykje springing over vegen. Grunnen er at karane har teke seg på tak og begynt på vaskerommet mitt (jippijaja) og her ein kveld kom ein snill eletrikar, so no er kablane på plass! Deretter blir det vel støyping i helga. Oscar fryda seg for då får han jo jobbe; sage litt og banke litt.

Når katten er vekke... ikkje nødvendig å seie at Oscar ikkje var spesielt gla` når vi viste han bildene av kva søstra driver med når han er i barnehagen.

fredag 14. oktober 2011

strikkedilla

Eg er fortida hardt råka av strikkedilla, men det er vel ikkje så rart med ei strikkebesatt mor.
Oppe til venstre: bukse med fot frå nøstebarnboka. Oppe til høgre skal bli jakke til megsjølv, men har sjølvsagt montering att. Nede til venstre: 2 kjolar frå nøstebarnboka. Nede til høgre: kjole frå "strikke nytt" frå 70 talet. Faktisk hadde eg ein slik når eg var lita som mor mi strikka til meg.

og eit teppe på ca 2 x 1,5 m, som de sikkert har sett i bakgrunnen på ein del blider før. Når eg først bloggar får eg hive med nokre bilder av rompetrolla og. 

To søte små: Oscar les til Hannah, hadde ikkje rette innstillingane på kameraet og når eg hadde fikla ferdig så var sjølvsagt Oscar vekke. So då får det heller vere eit dårleg bilde. 
 Matmons med "hamsterkjakar". Hannah har fått litt graut dei siste dagane for eg er småleg lei. Kjempeflott å sove 10-11 timar i strekk om natta, men skal ein oppretthalde ein slik fysikk so må ein då tydleg vis ete ein gong i timen dei resterande 13-14 timane. Det synest eg blir litt mykje so heretter blir det supplert med graut.
Til slutt; ei som har tengt seg rundt, men har ein forbaska arm i vegen, eller er so det hovudet som er for stort og tungt!

mandag 10. oktober 2011

Hannah 4 mnd

Ja so var ein heil månad til gått!
Hannah veks og trivst, og har so smått begynt med litt smaksprøver på fast føde og det er namnam!
Ellers er ho ei roleg, pratsaleg lita frøken som knapt har tid til å sove når storebroren er i nærheten.
 Og Oscar underheld ho som best han kan med spontan sang og dans, belærande traktor fakta og andre c moment. Han er og behjelpeleg med mote-tips og synest ikkje Hannah har nok blomstrete kjolar.
 Når Oscar vi leike i sanden er det berre å hive på seg kleda og henge med so godt ein kan!

Hannah har fått prøve seg i hoppedissa, men eg veit ikkje kven som synest det var mest stas. Hannah såg sånn passe forveten ut og Oscar hoppa opp og ned på golvet vedsida av.