lørdag 12. november 2011

Litt forsinka Hannah 5mnd!

Jaja, eg er no litt treg! Hannah er blitt fem månadar og tida fyk. Vi har alt bytt til sportsdelen på vogna, for her skal det ikkje liggast noko meir, berre sitte sitte sitte! Om ein ligg nede i vogna kunne ein jo gå glipp av noko...

Dessutan må ein jo halde auge med kva storebroren finn på; det har somregel noko med traktor å gjere. For ei stund sidan lærte han deg å trø, og har full kontroll på trøtraktoren. Ingen bakke er for bratt, og skulle det knipe om so er det berre å sipe litt so kjem mamma eller pappa å skubbar.
I skrivande stund er pappaen på veg heim frå flesland med englands bestemora og stebestefaren, Oscar søv og eg og Hannah skal skrelle poteter.