fredag 16. desember 2011

Vi bakar pizza

Oscar er sjølvskreven bake-hjelp. Det kjekkaste er å ta mjølet ut av posen og so dukkar det plutseleg opp ein traktor som må måke veg..... Kjevlet har han og fått dreisen på så pizzaen vart fin og flat.
Og sjølvsagt må Hannah vere med. Oscar tykte at ho var litt for lita, men sjølv syntest ho at det jamment var på tide at ho fekk hjelpe til litt ho og. 

mandag 12. desember 2011

6mndar, pepperkaketraktor og pepperkakehus

6 månedar, 8075g, 66cm, pratsom, sta, grautelskande og sosial lita snuppe.

Som har begynt fyke-trening og som absolutt ikkje vil vere åleine. Ikkje prøv deg på å få gjort noko mamma!

 E' du bakom dar mammma?


I går sendte vi Oscar på besøk til tante og onkel, med eit flatpakk pepperkakehus. Og fekk det att slik!
Både eg og Oscar var godt nøgde.

Pepperkake bakst har det og blitt, tradisjonen tru; masse ungar og plutti pluttipott på stereoen.

Hannah syntest det var litt mykje styr, men var så heldige at ho fekk litt pepperkake deig i munnen, og
det var nam-nam!

det finnast faktisk traktor-pepperkake-former. Det skal no ikkje eg ha æra for å ha funne, den fekk Oscar av ei veninne av meg. Og den fall i god smak!