fredag 20. januar 2012

2012

2012 har starta med ein del sjukdom for store og små, so her har det verken vore 7mnd oppdatering eller noko anna oppdatering for den del. No håpar eg at vi snart kan bli friske og raske og sove godt om natta.

 Medan lisje søstra tek seg ein lur på sofaen, lagar eg og Oscar traktorutstilling, Oscar er komen i "falskt smil" alderen og det er dessutan heilt umogeleg å smile med augene opne.
Før jul var Hannah på kontroll og då var ho 8255g og 68,5 cm. Sidan ho har vore sjuk reknar eg med at vekta ikkje har gått særleg oppover.
Oscar fekk seg trø-traktor til jul so no står det ikkje på snømåkinga!
Idag hadde eg (og Hannah) tenkt å ta i eit tak med husarbeidet, men Oscar ba om å få vere heime frå barnehagen. So då har det ikkje vorte noko husarbeid, men heller mykje traktor køyring, togbane bygging, teikning, pannekakelageing osv. Heldigvis er Hannah frisk og fornøgd og tek gjerne del i litt traktorkøyring, noko som står i skarp kontrast til forrige veke då eg måtte bære ho rundt heile tida.
No søv begge to SAMTIDIG og eg fekk meg ei stille stund.