onsdag 11. april 2012

Striketistrikk og andre ting

Det har blitt litt strikking i vinter, eg trudde ikkje det vart så mykje men når ein får samla saman alt blir det litt likevel
 Body I Dale babyull på pinnar nr 2,5, mønstret hadde eigentleg ikkje armar men om vinteren må ein nesten ha det
 Bolero til meg sjølv, i eigemekka mønster
Kjole i bomull til ei lita jøstra taus

Hue til søstra mi

Traktorhue til Oscar
Poncho til ei jente på 10 år
Og lillesøster kjole i bomull til Hannah


Til slutt må eg jo ha med nokre blider av mine søte små.
Hannah har begynt å krype, og lure litt på å røyse seg opp.
Oscar synest det er stas med ei lillesøster, men det er og litt travelt no når ho kjem seg fram. Ho vil sjølvsagt bort til Oscar heile tida, og likar best å leike med det han leikar med.