fredag 8. juni 2012

3 og 1!

Sist helg feira vi både 3 og 1 år med kake, is og pizza, masse pakkar og ein aldri so liten øyrebetendelse.
Hannah har lært seg eit ord og det er sjølvsagt oka, og det seier ho heile tida. Å dilte etter storebroren er det kjekkaste ho veit, sjølv om det er mykje keft å få. Oscar blir lettare panisk kvar gong han ser at ho kjem "NEI mamma no kjem ho, ta ho vekk! NEI HANNAH"

 Oscar 3 år og like traktor galen som han alltid har vore! Det må kløyvast og slåast og flyttast. Ein skikkeleg arbeidskar som har verktøyet i orden, hammar, sag og boremaskin er eit must.


Hannah 1 år og framleis tannelaus, pratar synger og hoiar, delar gjerne maten sin med Bella og "matar" sluken på badet med mykje forskjellig. Stort sett blid, men kan og vere litt av ei drama queen.