I fjord sette vi inn nye glas i bl.anna sy-kle-hobby rommet mitt,og no har vi ENDELEG fått på listene og hengt oppatt gardinene. So då lyt eg vel rydde litt...
...Men det kan vere vansklegare enn ein skulle tru, det går jo ikkje å KASTE noko! tenk om ein skulle få bruk for det seinare, ikkje det at eg er sikker på om ein kan nokon gong få bruk for gardiner 80 talet, eller knallrosa syntetisk stoff med stretch og for ikkje å snakke om alle dei halvferdige prosjekta som ligg i haugar rundtomkring. Eg lir nok av mange idear men lite handlekraft syndromet.
Vi får no sjå om der vert noko ryddigare utover i veka :)
Til slutt; Bella er blitt veldig interessert i Oscar og omvendt, ho kjem ofte med leiken sin og vil leke med han.
Lite anar ho om at det nok vert eit hardt liv når han får litt meir kontroll på ting. Enn så lenge greier han berre å åle seg bakover og litt sidelengs, men innsatsen er stor så det vert nok ikkje lenge til det går frammover og.