
Vi skal (sjølvsagt) ha litt panel i gangen og, men her må det brukast vanleg trepanel istaden for dei noko raskare platene vi brukte i stove 2. Det er grunna ei takhøgde på nesten 2,60, då vert plater på 2,40 litt knapt.

Stove 2 ser for tida slik ut, då vi ventar på eikelister til døra før vi kan ha i foringane og liste ferdig. Gjett om eg gler meg til det er heilt ferdig!
til slutt; sitteplassen under taket, har kan vi sitte om det regna eller snør. Skulle eigentleg ta bilete litt lenger i frå, men det sto so mykje rot der, det får vi ta ein annan gong.