søndag 27. september 2009
onsdag 23. september 2009
Stove2 ferdig!
Endeleg vart den ferdig! og ikkje berre det, vi kunne endeleg fordele møblane litt utover slik at det er mogeleg å faktisk vaske golvet inne i stove1. Eg vart hoppande glad og har no vaska og BONA golvet! Gleden er vel litt kortvarig då vi har hund(pluss regn), no er heile golvet fullt at hundespor.
mandag 21. september 2009
Hue i posten
Denne hua fekk vi i posten for ei stund sidan, då var den litt stor men no passar den heilt perfekt!
det er strikkesaken som har ordna med den, men ikkje med strikkepinnane denne gong. Den er bestilt frå Heilt spesiell utruleg kva ho greier å få ut av symaskina si.
lørdag 19. september 2009
Litt fleire bilde frå dåpen
Reinsdyr tøflene er så fine at han greier nesten ikkje ta augene frå dei:)
Med ein pappa frå Birmingham må ein soklart ha Aston Villa fotballdrakt!
På veg heim frå kyrkja; tante Monica knipsa og Oscar viser fram smilehola
fredag 18. september 2009
torsdag 10. september 2009
Medan vi ventar på besøk

"Hoppetroll"
"Medfange" eller "tv-fange"
På søndag er det dåp, men FØR det kjem Grandpa og Nangela (les: svigerfar og Angela) nærare bestemt på fredag (og det var visst i måra det..hjelp tida går fort!). Det blir nok ei veke med mykje gøy og mykje oppmerksomhet.
I går kom den første skikkelege latteren, vi var desverre ikkje heilt forbredt og fekk ikkje filma eller teke bilete, men kattar er iallefall morsome dyr!
onsdag 9. september 2009
torsdag 3. september 2009
3 månedar
I dag har vi vore på 3 månads kontroll, blitt målt, vegd og stukken i begge låra.
vekt og lengde er som følgjer: 6980g og 64cm.
onsdag 2. september 2009
Ny bukse
Desse buksene har eg strikka heilt sjøl, det tok vel 6 mnd men dei vart no ferige og det FØR dei vart for små! So var det vel berre å vente på kaldeveiret...huff
tirsdag 1. september 2009
Abonner på:
Innlegg (Atom)