I dag har vi vore på helsestasjonen. Oscar skulle på 2 års sjekk, og so fekk Hannah si første offesielle veging. Plutseleg dukka pappaen opp og, so då var heile familien samla.
Oscar var svært skeptisk og tok til tårene fleire gongar, men dei fekk til slutt gjort det dei skulle. Og vi kan konstantere at han er ein stor frisk gut på 12,6kg og 90cm.
Hannah tok det heile med stor ro, ho har vel ikkje vett til noko anna. Næringsvett derimot har ho plenty av
og har lagt på seg over 1kg på 3 veker!
Pappaen fekk lokka Oscar opp på fanget så vi fekk eit bilde av begge to, han skal nemleg ikkje holde eller bli teken bilde av med søstra si, men klappe og kysse på ho det går greit.
Det kjekkaste med småsøstre er nok at dei blir eit passeleg lass på hengaren...