6 månedar, 8075g, 66cm, pratsom, sta, grautelskande og sosial lita snuppe.
Som har begynt fyke-trening og som absolutt ikkje vil vere åleine. Ikkje prøv deg på å få gjort noko mamma!
E' du bakom dar mammma?
I går sendte vi Oscar på besøk til tante og onkel, med eit flatpakk pepperkakehus. Og fekk det att slik!
Både eg og Oscar var godt nøgde.
Pepperkake bakst har det og blitt, tradisjonen tru; masse ungar og plutti pluttipott på stereoen.
Hannah syntest det var litt mykje styr, men var så heldige at ho fekk litt pepperkake deig i munnen, og
det var nam-nam!
det finnast faktisk traktor-pepperkake-former. Det skal no ikkje eg ha æra for å ha funne, den fekk Oscar av ei veninne av meg. Og den fall i god smak!